![]()
Isfiske på Møsvatn har lange tradisjonar. Under dei store pilkekonkurransene kan det vere tett med fiskarar i konkurranseområdet. Vatnet har ei stor stamme av storaure og røye. Årleg blir det tatt opp om lag ti tonn fisk frå Møsvatn. Isen ligg til vanleg frå desember til mai. Det finst også andre område i Øvre Telemark med tilbod om isfiske.
Næringsgrunnlaget er i hovudsak landbruk inkludert jakt, fiske og turisme. Her finn ein dei høgstliggande gardar i drift i Norge. Bygda har eigen skule, kyrkje og landhandel. Tilkomsten til dei veglause delane av M&oslasstrond, er båt om sommaren. Rutebåten "Fjellvåken" går dagleg. Vinterstid brukar ein snøscoter og beltebil. Det er merkt eigne sleper over isen for slik transport. Sjå under Transport for å finne ut kven som tek på seg køyring med snøscooter og beltebil. Fiskeutstyr er som til vanleg fiske - isbor, pilkestikke, røyeblink, maggot m.m. Isen kan bli svært tjukk.
|